Personvern
Denne personvernerklæringa fortel kva opplysningar nettsida samlar inn, og kva me nyttar dei til.
Behandlingsansvarleg
K I Svensdal AS, org.nr. 960 511 891, Tyssevegen 133, 5650 Tysse. E-post knut.inge@svensdal.no, telefon 915 58 853.
Informasjonskapslar og sporing
Nettsida brukar ikkje informasjonskapslar (cookies), analyseverktøy eller annonsesporing. Skrifttypen ligg på vår eigen server, så besøket ditt vert ikkje sendt vidare til tredjepart.
Kontaktskjemaet
Når du sender ei melding gjennom kontaktskjemaet, vert namn, telefon, e-post og meldinga di sendt som e-post til oss. Me nyttar opplysningane berre til å svare på førespurnaden og eventuelt gje deg eit tilbod. Meldinga vert sendt gjennom e-posttenesta Resend og lagra i e-postkassa vår.
E-post og søknader
All e-post som vert sendt til oss, vert lagra så lenge du har eit kundeforhold med oss. Søknader vert berre nytta i tilsetjingsprosessen og sletta når han er ferdig, med mindre du har sagt ja til at me kan ta vare på dei.
Lenker til andre sider
Nettsida lenkjer til Google Maps og til Facebook-sida vår. Når du følgjer ei slik lenke, gjeld personvernreglane til den sida.
Rettane dine
Du kan be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningane me har om deg. Ta kontakt på knut.inge@svensdal.no. Meiner du at me ikkje behandlar opplysningane rett, kan du klage til Datatilsynet.
